Javascript is required to view this map.

Velkommen til Finnøy

Finnøy er hovudøya i Finnøy kommune. 30. oktober 2009 vart øya landfast saman med Talgje. Det er eit aktivt landbruksmiljø her med mjølkeproduksjon, sauehald, anna storfehald, eggproduksjon, broilerproduksjon, tomatproduksjon med meir. Finnøy kommune er størst på tomatar i Noreg. Ca 40% av tomatane som vert produsert i landet kjem frå Finnøy kommune.

Hesby kyrkje er bygd ca år 1250, Ogmund Finnson styrde Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-talet, den verdskjente matematikar Niels Henrik Abel vart fødd på Finnøy 5. august 1802 og øya har generelt mykje historie og kultur.

Kommunehuset ligg sentralt på Judaberg. Det same gjer Rygjabø videregåande skule, som er den einaste fiskerifaglege opplæringsarena for elevar i Rogaland. Ottohuset byr på kunst, kultur ,og er i gang med store planar om kulturtun. Eit replika av "Resturation", det første utvandrarskipet som gjekk frå Stavanger ca år 1825 er bygd, og ligg til hjå Ryfylke trebåtbyggjeri, også sentralt på Judaberg. Innbyggjartalet er 1548,.2 skular, fleire barnehagar, butikkar og turløyper finn du og. Frå Judaberg går det trafikk både med ferjer og hurtigbåtar til heile kommunen, samt store delar av Ryfylke og sydover mot Stavanger.