Javascript is required to view this map.

Velkommen til Talgje

Talgje er den sørlegaste øya i kommunen og ei fredeleg øy. Ho er lita og flat, på 4,5 km2, og høgaste toppen er 52 meter over havet. Dei fleste lever av tradisjonelt jordbruk og tomatproduksjon i veksthus. Årleg produserar dei 750 tonn med tomatar og 1,1 millionar liter mjølk. Eit par blomstergartneri er og i drift.

Det bur 173 fastbuande på øya. Turstiane på Talgje er godt merka og er verdt eit besøk. Talgjekyrkja blei reisa av velståande stormenn. Nokre meinar ho er frå ca år 1140.

Øya har butikk og fleire aktivitetsmulighetar. Ein flott barnehage har dei og.

Talgje 2020 er namnet på velforeninga. Nettstaden http://www.talgje.no kan gje deg ytterlegare informasjon kva du treng å vita om denne øya.