Javascript is required to view this map.

Velkommen til Halsnøy

Øya er todelt, med platået på Halsne i nord og Eikefjellet i sør. Mellom desse to høgdene med omkringliggjande gardar, ligg Skartveit som nesten deler øya i to med Skartveitvatnet.

Øya er fruktbar med vakker natur. Utsikta frå Eikefjellet (211 m.o.h) gjev deg det meste av Ryfylke. Det bur omlag 130 fastbuande. Kommunen har lagt ut kommunalt byggjefelt ved Skartveitvågen, og det er i dag fleire unge som ønskjer å busette seg på Halsnøy. Ein finn fleire fritidsaktivitetar som aerobic, fotball, sykling, barnelag, ungdomslag og volleyball.

Gjestehamna i tilknyting til Joker Skartveit er ei populær småbåthamn, særleg i sommarhalvåret, http://www.skartveitgjestehavn.no.

Halsnøy har eigen logo. Eit hjarte symboliserar symboliserar kva Halsnøy har å by på.

Øya har skule (1.-7. klasse)
Bjerga turistgartneri produserar store flotte bjørnebær i veksthus. Landbruket er stort, med mykje sau, og me finn oppdrett for laks.

Halsnøy Grendalag er øyas velforening.