Fogn er ei kupert øy med variert natur. Mykje beitemark og lauvskog med dyrka mark innimellom. Det er eit rikt dyreliv med m.a. hjort, rådyr, rev og fugl både på land og sjø. Med sine ca 350 fastbuande og ca 130 fritidsbustader er det eit variert næringsliv og eit levande kulturliv. Det er rett og slett eit samfunn i vekst. Nystarta grendalag har som mål: 400+
Fogn har ei levande heimeside med ytterligare informasjon om aktivitetar og hendingar på øya deira:
http://www.fogn.org/
Areal: 10,5 km2
Høgaste punkt: Ørnakulå 176 m.o.h
Skule: Fogn oppvekstsenter 1-7. klasse, SFO, barnehage
Fleire turløyper og andre attraksjonar.